Fryd

dscf0404

Hei

Eg er ei vaksen jente med mange interesser, men etter familien min er det katter og quilting som får mest av tida mi. Quilta har eg gjort sidan 1998, og katt har me nesten alltid hatt. Det vil sei, me måtte gje vekk kattane våre for nokre år sidan pga allergi i heimen.

Så ein dag seint på hausten 2007, oppdaga eg sibirkatten. Den allergivennlige rasen. Eg leita og fann oss katt. Me testa både med avklipt pels og med katt på besøk, før me kjøpte Fryd.

Fryd var bare tre veker då eg fann henne, så me fekk vera med å gje henne namn. På stamtavla heiter ho (N)Djenghis Cat Djenghis Fryd. Ho er født 25.okt 2007.

Så litt om quilting. Nett no held eg på med tre vinhøner. Dei skal vera julegåver, så hysj hysj.... Eg held også på med ein ny ryggsekk til meg sjølv, den gamle er utslitt. Det kjem bilder etterkvart.

Én kommentar

Siv

30.09.2008 kl.06:56

Så gøy, at du også er blitt en blogger. Velkommen.... Nydelig bilde av Fryd, forresten....Kommer til å titte innom bloggen din hver dag. Klem fra Siv

Skriv en ny kommentar

hits