Fryd liker varme, og eg liker sy-vær!

dscf1832

Det haustast, og Fryd synest det er deilig å ligge under omnen.

dscf1838

Kjenne dåke att eine amerikatøyet? Eg har laga meg julepute. Delte stykket i 9 ruter 13x13 cm, hadde gitter på 3 cm mellom + rundt, og avslutta med 5 cm stjerntøy. Brukte vattrester etter babyteppe under toppstykket, og quilta hjerter i kvar rute. Kan tru puta er deilig og mjuk..... Så no kan jula komma.

dscf1842

Me er så heldige at me har fått låne hytte hjå tanta til min far, på Skramstadsæter ved Rena. Dei bruker den sjelden om sumaren, men ofte om vinteren. Difor har eg laga påskeløpar til langbordet på kjøkenet. Skal sende den i posten austover, som takk for lånet.

dscf1843

I går var eg på tur til Skånevik, og rota meg inn i ein suvenir og strikkebutikk. Der fann eg dette gøye garnet. Det er lyseblått, lilla, grønt og orange. Eg kan ikkje fordra å strikke sokker, men klarte ikkje å la vera å snopa garnet. Og då må eg jo bruke det også...... Byrja i går, så får me sjå kortid dei vert ferdige. Kjem nytt bilde då!

3 kommentarer

Siv

03.10.2008 kl.23:16

Så flink du er, jammen kjekt å få følge med på hva du holder på med. Jeg likte godt den løperen duhar sydd. Ha en god helg, Laila.

sønnen til laila, Georg.

04.10.2008 kl.18:55

Fryd er verdens beste pus :D

PS: mamma er VELDIG flink til å quilte.

Jin

04.10.2008 kl.19:25

fin blogg ventar i spenning på meir

Skriv en ny kommentar

hits