til snytepapir

dscf1847

I dag har eg sydd litt på vinhønene som skal vera julegaver. Så har eg sydd oppheng på nokre gardiner frå Kid. Dei var laga til med store ringer til gardinstang. Men sidan det ikkje er gardinstang på aktuelle vindu, snudde me dei oppned, og festa som vanlig. Det vart stilig med ringene til pynt nede på gardina!

Så har eg sydd desse 4 "veskene" til snytepapir. Har tenkt dei som gaver.

Var på bossdungen med eit stort lass i dag. Har pussa opp eine soverommet, og son vår kjøpte eindel nye møbler til det. Slikt vert det jammen boss av, altså. Dette var tur nr to på like mange veker!!

Eine son vår har bursdag i dag, så me feira han med pizza til middagskvelds.

Én kommentar

Siv

04.10.2008 kl.21:42

Grattis med gutten. Klem fra Siv

Skriv en ny kommentar

hits