Katteutstillinger

utstilling 7og8 juni 2008 339utstilling 7og8 juni 2008 341
lesund sept 08 099

Fyrste utstillinga Fryd var på var Hansakatten  i Bergen i juni 2008. Ho kosa seg i buret, og var snill og rolig når dommarane såg på henne. Ho stilte både laurdag og sundag, og begge dommeran likte henne godt. Sundagen vart ho Best I Variant. Begge dagane fekk ho gode bedømmelsar, og Exelent 1- sløyfe. Som de ser på fyrste bildet har ho det flott, men det blei vel litt mykje fotografering. Bare sjå på bilde 2.

I september 2008 reiste me til Ålesund på sunnmørskatten si utstilling. Eg reiste bl.a med oppdrettaren til Fryd. Ho heiter Runhild, og har DjenghisCat. Runhild hadde med seg to katter. Den kvite, (N)Sibestos Lille My, vart Champion i Ålesund. (S) Maolichs Herculez fekk Ex 2 og Ex 3. Fryd fekk to CAC-sløyfer, og mangler kun eit sertifikat for å bli Champion. Eg har meldt Fryd på Hansakatten ein dag i Bergen i november. Viss eg får ønsket mitt oppfylt då, kjem ho heim med stor sløyfe.

Me køyrte vèl 100 mil tur/retur til utstillinga. Me var tre damer i bilen, og 4 katter eine vegen og 5 katter andre vegen. Det gjekk utruleg roleg for seg med så mange kattar. Den som yppa mest, var minstemann. Han gjorde seg lang og pirka borti dei vaksne jentene. Han ville leika. Han fekk leika med dei på hotellrommet.  Dei jakta og lurte, hoppa og sprang. Men heldigvis sov dei (stort sett) om nettene.

Alle kattane me hadde med oss, er Sibirkatter. På sundagen i Ålesund, var det Sibirspesial. Dommaren Raymond Sætre fortalt om rasen og forklarte kva han såg etter på kattane. Dei var delt inn i fargegrupper. SibirkattensVenner hadde laga forskjellige grupper me konkurrerte i. Fryd vart nominert til beste fjes. Raymond sa ho hadde nydelige grøne auge. Ho vann ikkje, men det er stor stas å bli nominert også. LilleMy vart nominer både til beste fjes, og til beste sibirkatt. Ho vann heller ikkje. Men det er flott at både ho og kullsøstera Lucky Live vart nominert til beste sibir. Spesielt kjekt at oppdrettaren deira også var i Ålesund med oss. Gratulerer til oppdrettet også.










Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits