Ida sin presang

kjerstin fryd idaquilt 059

Dette er bilde av gava Ida fekk hjå meg til 40 års dagen sin. Ho har hytte som dei held på å bygge på. Der skal ho ha eit langbord på ca 4 meter. Gåva er 12 dekkebrikker, tre løpere, grytekluter og ei vinhøne.

Eg fekk vera med Ida på hytta ei helg tidligare i haust, så eg veit at vinhøna fungerer.
Alle tøya er frå same maritime kolleksjonen, unntatt det svarte eg har brukt til rammer. Tøya har draft, gullmynter , tauverk og garn som motiv.

kjerstin fryd idaquilt 064


Så vil eg vise dere eit bilde av korleis Hawaii-rosene ser ut her i huset:

kjerstin fryd idaquilt 039

Ser de kanten er heilt rufsete, og pollenbæreren er vekke. Det er Fryd som et den opp. Ho liker verken kylling, kjøt, fisk eller pølser, men hibiskusen min et ho. Fryd er så glad i blomen mamma tilogmed har komme med blom som er dutte av planta. Og katta koser seg. No har ho snart bursdag, så eg må i blomserbutikken og kjøpe ny hibiskus til henne. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits