Fryd 1. år

No er pusejenta våras 1. år og me har kjent henne nesten heile livet hennar. Ho var vèl 3 veker gamal då eg fann henne hjå Runhild i DjenghisCat-oppdrettet.

93520937


Her er bilde frå fyrste møtet våras. Runhild har teke bilete med min mobil.  Fryd var 3 veker, og det var kjærlighet ved fyrste blikk. Fryd somna på bringa mi, medan eg og Runhild stod og prata.

93521036.

Dette bildet er eit i ein heil serie som me har teke i sofaen vår medan me hadde Fryd på besøk. Eit av bileta forstørra mannen min til julegave til meg, med tekst bakpå;" Julen 2007. Hei, no kjem eg snart til deg. Eg er presangen frå pappen og gutane i huset i år. Eg kan ikkje vera under treet i år, fordi eg er litt liten til å flytta frå mammaen min. Men eg har fått lov hjå pappen i huset å bu her. God jul og godt nytt år til deg kommande matmor"

De kan skjønna at ho var velkommen til oss, når me var sikker på at ingen reagerte allergisk mot henne.

bilde 190


Jenta vaks fort, og nyt utelivet. Har er eit vinterbilde frå forge vinter. Fryd liker seg ute same kva ver det er, ho.

fryd 1r 007

Ho er ikkje så stor og tung ennå, bare ca 3 kg. Det synest sikkert Kjell-Kristian er heilt greit. Fryd trivest på skuldera han.

fryd 1r 012

Siste bilde i dette innlegget er frå kvelden før bursdagen. Eg synest det ser ut som det er godt å vera Fryd.

Gratulerer med dagen, dokko mi. I morgon skal eg kjøpe ny Hibiskus til deg (så sant g finne i butikken), slik at du får noko ekstra godt å spisa.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits