Andrè Wallenborg-veske

dscf2024dscf2025

Eg har vore på Frekhaug Folkehøgskule på kurs arrangert av Quiltekroken. Andrè Wallenborg var kursholdar. Han hadde designa ei veske for oss til kurset. Her lærte me lure måtar å lage lommer, og å setje i glidelås. Skulderreimene er av nylon-band, pynta med hovedtøyet. Slitesterkt og kjempestilig (også så enkelt då). Me lærte å rekne/berekne botn, og å lage solid botn på ein enkel måte. Ved å sy botn utpå botn etter at reimene var sydd fast, fekk reimene også ekstra feste og belastninga er fordelt over heile reima. Supersmart! Det var rett og slett to kursdagar spekka med små og store tips til å ta med inn i andre prosjekt også.

Én kommentar

siv

01.11.2008 kl.09:52

Heldig du som er ferdig med veska. Jeg har igjen å sy Spiler på toppen av veska og sy den plast lommen + magnet knappen, for se i neste uke om jeg finner noen ledige timer. Ha en god helg....

Skriv en ny kommentar

hits