katt er katt - fugl er fugl

På støttebjelken i taket i stova, har det i 10 år hengt ein tova dumpap. Altså ein fugl! Angeli sat lenge på sofaryggen og såg opp og remja. Denne fuglen ville ho ha. Eg løfta henne opp slik at ho såg det var ein pyntesak, Men ho sat likevel å sikla på fuglen. Eg gjekk og la meg for kvelden. Så ropte mann min, "No e ho der". Og som de ser på bilde, litlo hadde klatra opp gardina for å få seg kveldsmat. Heldigvis er fuglen like fin som før. Men eg lurer på om eg må spørre oppdrettaren hennar om det er ekorn i stamtavla.img0511

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits