Journalisten

Idag var Fryd, Angeli og eg hjå Runhild og møtte journalist frå Innsida.no. Me var i lag i to timar og snakka og snakka. Ho skal skriva om Sibirkatten, kva kattane er for oss og om at rasen er allergivennleg. Journalisten tok masse bilder av kattane som viste seg frå si beste side. Eg tok nokre bilder eg og. Reportasjen om sibirkattane våre kjem nok rett før jul. Me gleder oss til å sjå kva Natalie har fått ut av møtet med oss.

Her er bilde av Fryd på besøk hjå fyrstemammo. Fryd brydde seg ikkje om My og babyane, ho kikka så vidt bort til dei.

katt og quilt des 08 050

Tante My passa godt på babyane sine. Dei er 12 dagar gamle no. My er  ei snill, omsorgsfull og flink pusemamma.

katt og quilt des 08 051

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits