Julebakst

Eg har sett rundt på diverse blogger at det bugner på bakebenkene i heile landet. Her er mitt bildebidrag. Det er nær 60 kveiteboller, ferske og gode. Baka samtidig 6 Ambrosiabrød, og laga kransekakemasse til to kaker.

Måndagen var  det kjevledag hjå oss. Ein kakemann deig og ein (kjøpt) peparkakedeig, vart kjevla, stukket ut, steikt og lagt i bokser. Det vart også ein omgong kokostopper, men dei fekk aldri den gylne fine fargen, dei kjekk rett over til lysebrun. God smak, men ikkje slik dei skal vera. Dei forsvinn nok snart her i huset. Så får eg laga nye...

Ellers er Negertårene i boks, og Nordlandskakene er kjøpt inn frå bakstekone. Dei ligg i frysen.

Har planer om nye kokostoppar, krumkaker, slike kokosboller med skum, delfiakake og kransekaka. Så får me sjå korlangt eg kjem. Er ikkje heilt i hamn med julegavequilting heller, men nesten........

img0599

Dekkeduken min er frå Gerd Gellein Merkesdal si bok Mitt Julehus. Det er fleire år sidan eg sydde det, og det er i bruk heile året. Over heng grytekluter mammo mi har hekla til meg.

img0600

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits