Godt nytt år til alle mine venner og famile

No er 2008 passert, og etterlater seg mange minner. Ikkje minst det at begge pusejentene flytta hit til oss i løpet av 2008. Fryd kom 19. januar og har prega heile året. Ho var etterlangta og er høgt elska. Me har vore på fleire utstillingar ilag, og Fryd har også vore med på småturer for å hente karane på forskjellige arrangement. Ho likar ikkje å gå i band, men det er greit å ha det på når ho er med i bil, synest ho. Siste turen med var på til Bergen, tok Fryd HCM-test (hjertetest for å sjekke at alt er ok før ho skal på gutabesøk). Same helga vart Fryd Champion og fekk stor sløyfa. På heimveg var me på Flesland og henta litlasøsto. Ho kom aleine med fly frå austlandet. Dette var 16. november. Dei siste vekene av 2008 har jentene brukt til å bli kjent med kvarandre. No er dei venner, og me menneska har fått to puser å vera glade i. Så no er det spennende korleis det går, Fryd slutta med p-pillene i går..........

Her er bilete av jentene når dei set i vindauga og ser på maten som flyr rundt ute og et av talgkulene sine.

Godt nytt år frå Laila, Fryd og Angeli

julafta katt og quilt 070

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits