Julegåvene 2008

Eg har tatt bilde av det meste av tinga me har laga til julegåver. Det gjekk for det meste i toalettvesker. Den veska eg laga på Andre Wallenborg-kurset, fekk mamma. Veska er det bilde av anna plass på bloggen. Pappa fekk to dekkebrikker. ( Håper han deler med mamma)

julafta katt og quilt 057

Julepuse-tøyet er eit av amerikatøya mine.

julafta katt og quilt 058

Og gryteklutene med julekatter på, fekk oppdrettaren til Angeli, Kari. Gryteklutene er det også bilde av anna plass på bloggen. Fryd sin oppdrettar, Runhild, fekk denne toalettveska.

julafta katt og quilt 033


Bror til mannen min fekk kjøkenduk, og eit oppwhite kaffiservise. Duken er i same mønster som dei nye juleløperene mine, men inntrykket er eit heilt anna. Eg synest det er spennande kva fargar har å seie.


julafta katt og quilt 043

Så over til toalettveskene

julafta katt og quilt 047


Dette er veskene til familien til yngste bror min.

julafta katt og quilt 048

Son deira er stor fan av Cars. Han har mange av bilane, men fekk enda fleire til jul.... Pappaen følger opp....

julafta katt og quilt 049

Dette er svigerinna mi si toalettveske med flotte engler.

julafta katt og quilt 050

Broremann er prest, så han har fått tøy med Noas ark på.

julafta katt og quilt 051

Eldste bror min sin familie sine vesker. Mor og datter har fått av kvit dongeri, og far og son av svart. Dette er ein familie med to barn, og TRE katter. Motivtøya var difor lette å velge...

julafta katt og quilt 052

Niesa mi si veske. Masse fine katter, det er også applikert to "vindu" med katter på baksida.

julafta katt og quilt 054

Nevøen min si veske, tøffe med knallfarga pusekatter.

julafta katt og quilt 055


Svigerinna mi si veske er lys og lekker, med blonder på sida av kattane.

julafta katt og quilt 056

Broremann si veske med knalloransje.

Det tok si tid å lage dette innlegget i kveld, men no er det ferdig. No skal eg ut å laga ostemassen til ostekake. Svigerforeldra mine og svogeren min kjem til middag i morgon.

2 kommentarer

Siv

02.01.2009 kl.08:50

Så fine toalettveskene var, Laila. Heldig de som fikk de i gave. Vil også ønske deg ett kreativ godt nytt år ;o))

Anneli

04.01.2009 kl.18:45

Det var mange fine toalettvesker, for en fantasi det å lage alle forskjellige, heldige mottakere. Skjønn blogg du har.-Anneli-

Skriv en ny kommentar

hits