Fint koppasett frå Barmhjertighetsbussen, og kaka på ein laurdagskveld.

Eg var på Barmhjertighetsbussen sitt lagerutsal her ein dag. Dei tek i mot lopper, noko for sal og noko reiser dei til austeuropa med (mest klede og feks sjukehussenger). Denne gongen fann eg meg eit service til seks, og ein Brio leikebilgarasje. Garasjen skal eg senda til tantungen min på Raufoss.

I dag hadde eg så lyst på kaka, Firkløverkaka. Medan mann min laga graut, sette eg i gang. Etter middag måtte mann og minsten ut etter kremfløyte og firkløversjokolade. Det vart jubel då kaka kom på bordet. Jenta til eldstemann, og me seks som bur i huset her, kvelva nedpå nesten heile kaka! Det er eit lite stykke att i kjøla, (trur eg).

div 019

Rosene er lysegrøne, og det er raude roseknuppar. Eg synest det var så søtt. Gleder meg til fine sumardagar med kaffe og kake på terrassen.

div 018

Firkløverkaka etter svigermor si oppskrift. Kjempegod!

Én kommentar

Laila

01.02.2009 kl.11:42

Firkløverkake er favoritten også her i huset!

Skriv en ny kommentar

hits