Morsdag

Me er ein slik familie som markere morsdagen. Eg kjøpte marsipankaka, laga rullekaka og 12-åringen min laga muffins. Guten var med i butikken eine dagen i forge veke, og kjøpte strøsselhjerte! Dei skulle han ha til muffinsa til meg.
 
Eg fekk ein bukett roser og eit nydelig lys hjå mann min. Utpå er det eit vers om kjærlighet. Heilt nydelig. Av sønnane vare fekk eg ei krus med teksten Mammaen min og vers inni. Verset handla om at det var godt å ha akkurat meg som mamma. Deilige ord frå deilige born (ungdommar) 

div 5 049



Eg fekk ikkje frukost på senga i år, men eg fekk no nye seng. Me kjøpte på salg i haust, og har hatt den i eska til når rommet var nesten ferdig oppussa. Den heiter Trym og er frå Lom Møblar. Som de ser kom den i ein fin lys kremfarge. Eg liker fargen godt, men den passa ikkje i nye rommet!!

div 015

Så då var det bare ein ting å gjera, og det var å mala den også.

div 5 040

Me flytta inn att til morsdag, sjølv om me venter på blant anna tapetet ennå. Me synest det blei veldig fint.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits