Slektstreff

Laurdag var me i slektstreff etter mann min si mormor, Ingeborg . Ho vart født i 1901, og fekk 8 born. Sju av dei vart gifte, og fekk tre born kvar. No er me, pr dagsdato 118 etterkommere. Det er minst tre nye på veg. Av alle desse var me 110 som kom!!!! Fantastisk god oppslutning, og all ære til komiteen som laga så fint til.

Ein av dei eg kom i snakk med, var søskenbarnet til mann min. Eg så på veska hennar at me har felles lidenskap. De finn link til henne, Jofrid, på sida mi. Jammen har ho laga mykje fint.

Eit anna søskenbarn, har æra for slektstavla etter Ingeborg. Ho ba oss sende bilder på e-post. På treffe fekk me trekke eit bilde, og prøve å ha det på rett plass på treet.

Komiteen hadde laga namneskilt til oss alle. Kvar grein hadde sin farge, og forskjellige former. Feks hadde vår grein grøne runde skilt, ei anna grein hadde gule stjerneskilt. Det gjorde det lettare for oss å sjå, spesielt på borna/ungdommane, var dei høyrte til.

Det var babyboom i slekta frå seint åttital til midten av 90-åra. Desse unge vaksne fann fort tonen. 15 åringen vår sa;" eg er glad eg gjekk på slektstreff, istadenfor på lan", då me køyrde heim. Det er ein unik attest for arrangementet!!!

Her er blide av slektstavla

slektstreff og vr 068

Én kommentar

jofrid

17.03.2009 kl.20:40

Koselig at du har skreve om treffet. Her har det gått i eit sidan eg kom heim. Lurer på kva nr av familien sekken din stod. Har ikkje klart å finna den. Helsing Jofrid

Skriv en ny kommentar

hits