Fryd er dagsventande

I dag er det 62 dagar sidan stemnemøte mellom Fryd og Gudimir. Ho er god og rund no. Og i dag byrjer eg virkelig å vente på småttingene, altså. Katten går ca 62-65 dagar, så ho kjem nok når som helst.

nyeste 092

Ho er rett og slett smellvakker no når ho går gravid. Og lykkelig. Ho mele mykje og ofte. Koser seg når med klappe henne.

nyeste 103

Pidestallen deira er ca 1 meter høg. I går skulle Fryd hoppe opp på den, men då datt ho nesten ned at. ho er nok litt tyngre enn ho klare å beregna. Men me finn henne stadig på taket.... Der kjem ho inn gjennom vindauga til eine soverommet.

Eg er veldig spent på kor mange småttinger ho bere på. Og korleis dei ser ut. Faren til kattungane er jo veldig lik på Fryd, men han har mykje meir kvitt på seg.

Eg har oppdrett av sibirkatt for at fleire allergikkara skal kunne ha katt. Sibirkatt mangler eit protein i kroppen, som alle dei europeiske rasane har. Dette proteinet er det mange av oss allergikkara som reagerer på. Men 70-80 % av oss tåler sibirkatten!! Ta gjerne kontakt, viss du er interessert i sibirkatt. E-postadressa mi er ; laila.nordhaug@sklbb.no

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits