Brighton

Forge veke var eg på tur til Brighton, sør i England.brighton 019

Eg fekk sett mykje forskjellig, blandt anna piren i Brighton. Der var det kasino/spelehall, resturanter og tivoli!

Sidan eg var i England, ville eg gjera litt "engelske ting" Eine dagen var eg på fish-and-chips resturant, og bestilt ....... fish-and-chips. Det blei servert med moste erter, ikkje erterstuing altså. Det var veldig godt!

To dagar gjekk eg på te-hus. Der var det eit bord med forskjellige kaker, sjokolade, banan, krydder, mandel, sitron osv. Kunne valge mellom forskjellige smaker te. Den blei servert i ei lita tekanne, med den fekk eg kopp, tesil, fat til tesila, lita mugge med mjølk, litt større mugge med kokt vatn og sukker. Det var nok til to kopper te i kanna, difor det kokte vatnet, for å spe kopp nr to. Deilig. Tehuset heiter The Moch Turtle.

brighton 028

Eine kvelden me gjekk tur, hørte me plutselig ein alarm. Då me kom lenger borti gata, skjøna me kva det var. Ein brann alarm: Me fann ut det var ikkje så rart. Den var montert på huset med Hells Kitchen........... og der er det sikker varmt nok!!!

brighton 013

Rett ved hotellet var det eit hus med ein katt på veggen. Det var så stilig at eg har fleire bilder av den. Ser ut som halen er litt knekt, så den blir nok diska på utstilling, vist den skulle komma ned ein dag. brighton 032


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits