Kattefrydene veks

No er kattefrydane blitt 5 1/2 veke, og har inntatt heile fyrste etasjen i huset vårt. Dei kjem seg opp i sofaene, og i senga våres. Mamma Fryd har litt av ei oppgåve med å følge med kor dei er. Men ho veit at me menneska hjelpe henne med tilsynet.

imanda og alle 005

Her er bilde av Imanda. Ho hjelper til med dataen.....

ut av kassen 021

Idyll. Mamma Fryd og hennar fyrstefødte, I'm first. Me kallar han Fyrsten eller Aiem her hjå oss.

ut av kassen 024

Slik går dagane, og nettene. Mor og barn ligg i kassen sin, og "tante" Angeli ligg på hylla og er med i klikken.

ut av kassen 023

Mamma og tante sin mat er spennande, synest I'm first.

ut av kassen 012

Då babyane var heilt små, bar Fryd dei inn i kassen når ein av oss menneska hadde kost med dei. No er dei så store at ho seier kom, så dilter dei etter. Dvs viss det passer kattefrydene då. Dei er som unger flest, høyre akkurat det dei vil høyre!

ute 250509 034

Eg lot alle gå på terassen for nokre dagar sidan. Mamma sat ute og passa på, medan tante held seg i døropninga. Nabopusen kom også på besøk.

ute 250509 033

Tante og småfrøknene.

ute 250509 014

Imimir viste seg som mannan i familien. Han skaut rygg, og ville at naboen skulle dra seg heim. ute 250509 015


Naboen snakka vennleg til småen, og la seg ned. Imimir freser. Tilsist vart Imimir så frustrert, at Fryd jaga naboen.

No er Imanda, Imaila og Imimir solgt. Vist du er interresert i I'm first, kan du sende meg ein e-post. Adressa er: laila.nordhaug@sklbb.no

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits