Kattefrydane har flytta

No er det tomt i heimen, og gamlebesto har kattungekoseabstinens. Men heldigvis har mamma Fryd og tante Angeli meir tid til MEG no.
 
Det er fasinerande å sjå korleis naturen er innretta. Dei vaksne kattane mine har konsentrert seg 210% om kattungene medan dei var her. Så er dei plutselig fri og frank att, og tydelig lykkelig med det også. Fryd leita i bilen min då eg hadde køyrt I'm first til båten, det er einaste saknet eg har merka hjå henne. Og då Imimir skulle reise, gav ho han pupp og puss når eg skulle ta sele på han. Ho visste at no for han også, det er eg sikker på.


fyrsten 040

I'm first har reist med hurtigbåten til sine nye menneske i Rosendal. Han har fått ei ny menneskemamma, pappa, storebror og storesøster. Dei har vore så snill å gje prinsen ein fugl til selskap, hm. I tillegg har dei hatt besøk av eit dønn kjedelig dverghamster i sumar.

Det som i allefall er sikkert er at han har fått ei fantastisk trona, virkelig ein fyrstefødt verdig.


019

Imimir har flytta til Kongsberg. Nye mammaen hans kom hit til oss og henta guten. Så han fekk reise med hurtigbåten til Bergen, så med tog nesten heile veien heim, Pappaen henta på stasjonen. I nyehuset har Imimir blitt babyen i familien, med ei menneskemamma og ein menneskepappa, og ei ny bestemor. Den nya bestemammo er så glad i litleprinsen, at ho kjem å sit barnevakt når mamma og pappa er på jobb. Og mamma sov fyrste nettene på sofaen i stova med guten,Og når han tek ein liten lur på ettermiddag, lister ho seg rundt i huset. Kan skjønne me ikkje kan vekke babyen når han søv.



dscf2576

Imaila reiste med privatbil til Haugesund. Ho har fått ein liten menneskebror på litt over 2 år, og ei mamma. Her har Imaila utforska nya huset sitt, og så sovna oppo hula si, under bordet. Det er ikkje så lett for nye broren å nå henne der... og det er ikkje så lett å la vere å prøve.

Fredag fekk prinsessa ny vaksine.


dscf4490

Imanda reiste med fly til Ålesund. Hennar nye mennesker bur i Hareid. Det er mamma, pappa og to storesøstre. Imanda har vore med på ferie med nye familien sin.

De ser alle at jenta har det superbra i nye huset sitt.

Og me jentene som er att her i heimen, reiser snart på utstilling i Kristiansand. Det er bare Fryd og Angeli som skal stilles ut, men dei treng jo sjåfør, frisør, kokk og dotømmer med seg, så eg får vera med. Me er så heldige at me får bu hjå svigerinna og svogeren min i sørlandets hovedstad.

2 kommentarer

Anne-Gro

09.08.2009 kl.10:56

Heisann :-)Så gøy med oppdatering av kattebabyene :-)Blir gøy å se hva som skjer videre med de!- Ser du har lagt ut bilde av prinsen-min, lille imimir...jeg ler når jeg ser det bilde der..stakkars liten, nybadet..men det gikk ganske så greit! ;-)Jeg sender mere bilder, og oppdateringer på han etterhvert, varm klem!

Sandra Marie

20.08.2009 kl.06:00

aw!! søte puser :D:D

Skriv en ny kommentar

hits