Gåver til ei god venninne

Eg har ei venninne som har starta for seg sjølv. Ho er kjempedyktig. Eg er så stolt på hennar vegne. Er så heldig at eg har kjent henne i mange år, og har fått sjå kva ho (og heile familien) har gjort for å legge tilrette for utdanning og jobbinga. Far har også fått utfolde seg, bla med å vera leiar i butikk. Og å ta vidareutdanning som godt vaksen. Dette er ein familie som er elastisk, slik at det er rom for alle å utvikle og utfolde seg.

Som sagt har ho start for seg sjølv. Eg har sydd ei lita brikke til salongbordet på kontoret hennar.

quilt brud og katt 001

På eine sida av brikka er det ei AnnaKa- margaritt. Brikka er vendbar...

quilt brud og katt 002

Andre sida er rolegare. Grei å sjå på på stressa dager. Dei dagane me likevel "ser rødt"....

Hadde litt att av det raude tøyet eg brukte til kant på løperen, så det limte eg på fyrstikkeske med vanlig RX-lim. Og så laga eg "korg" til knekkebrødpakken hennar.

quilt brud og katt 004


2 kommentarer

jofrid

26.08.2009 kl.06:48

dette var flotte gåver. mottakaren vert nok godt nøgd. Lykke til i helga. Helsing Jofrid

sivquilt

26.08.2009 kl.22:45

Så snill du er,Laila, som lager så flotte gaver:o))

Skriv en ny kommentar

hits