Kurshelg med Nancy Eriksen



Fredag 4. september reiste eg til Tysvær for å ta eit quiltekurs. Siv si venninne Anne Lise hadde fått Nancy Eriksen frå Grimstad over til vestlandet, for Anne Lise  v i l l e  lage syveska til Nancy. Me var 7 andre quiltedamer som ville det same. Kurset var i Husflidlaget sine lokaler, der var det god plass, godt lys og stødige store bord til oss alle. Eg har vore eindel på kurs rundt i landet, men dette er absolutt beste lokalet eg har vore i!

Anne Lise var så grei at ho opna heimen sin for nokre av oss kursdeltagarane. Og for kursleiar, Nancy.

quilt i hgsd 002

Her er dagens gåte; Kor mange quiltedamer delte bad, og kva toalettveske er mi???

quilt i hgsd 026

Her er bilde av Nancy, med kursmodellen. Ho budde jo også hjå Anne Lise. Me fekk heimelekse mellom kursdagane, og ho var ein streng lærar som sjølvsagt passa på at me gjorde skikkelig arbeid..... hihi

quilt i hgsd 023

Sundag stilte me opp alle veskene på bordet, og tok bilde. To av kursdeltagarane var ikkje med den dagen, så deira vesker er ikkje med. Me hadde i oppgåve å laga stichery til framsida ferdig før kursstart. Eg også har brodert, men valgte å bruke eit kattetøy. På førehand hadde me fått bilde av ein modell med kattetøy frampå, så den inspirerte meg til å ta med det nedover. Alle veskene likevel forskjellige.

Her ser de også borda me sat med. Me var to som delte eit bord, då sat me på skrå overfor kvarandre.

quilt i hgsd 028

Slik blei mi når den fekk siste knappene på. For fleire år sidan vann eg ein pose "Sypynt" på quiltelagsmøte. Så dei vart brukt på veska. De ser måleband-sløyfa, trådsnelle og saks på bildet. Eg fekk nokre deilige katteknapper hjå Inger på kurset, men dei får vera til noko anna. (skjønner ikkje korleis dama som ikkje kjente meg frå før kunne vita at eg liker katter;-))

quilt i hgsd 029


Inni veska er det 4 lommer med lokk. Dei set på to flipper. Bakpå flippene er det strikk. På eine sida er det plass til trådsneller, på andre sida til blyanter o.l.


quilt i hgsd 030

På kurskompendiet var det også mønser til sakse-etui og nålepute. Sakse-etuiet mitt vart slik;

quilt i hgsd 032

Én kommentar

sivquilt

10.09.2009 kl.19:42

Så fine bilder, koselig å se....:o))....

Skriv en ny kommentar

hits