Palma

I haustferien var eg på Mallorca. Fredagen gjekk me rundt i Palma, og eg såg sjølvsagt etter quiltebutikk. Langt om lenge fann eg ein gardinforhandlar, og eit lekkert lyst tøy vart bytta mot nokre euroar. Eg var egentlig fornøyd.

Så kom me til ei gate med trafikk på begge sider av ein midtrabatt. I midten var det eine blomstervogna etter den andre, og dei ville eg sjå. Blomane dei kjøper til husa sine er mykje det same som me her i det kalde nord dreg med oss frå blomsterhandlaren, endå dei har dei same ute!

mallorca 09 061



Plutseleg såg eg dei. I et lite kjellarvindu. Ein quilt. Ikkje noko inspirerande mesterverk, ein enkel løpar. MEN butikken var OPEN. Det var den minste quiltebutikken eg har vore i. Ca 50 stoff og nokre stoffpakker. Men eindel utstyr hadde ho. Då eg kom inn var det ei på besøk, i tillegg til ho som var på jobb. Gjesten  kunne litt engelsk, så eg vart forstått.

champion og runhild si veske 009

Eg kjøpte ein halvmeter lysebrunt tøy, og tre stoffpakker med småbiter. Ho hadde måleband med and på, og eg spurte om ho hadde med katt... (Sikkert ingen som synest det er eit rart spørsmål, sant) Ho hadde ein katt att, men den hadde mista nøkkelringen sin. Og det gjorde jo ingenting! Katten bur no i hjå meg. Og så ser de den søte saksa på bildet. Ho hadde ikkje fleire slike, men tok ei av dei andre frå stativet sitt, slo den inn og eg fekk den eg ville ha. (spurde bare nokre få ganger altså) Noken ting er vert å kjempe for! (Ho kunne bestille inn nye, men det hjelp jo ikkje meg)

mallorca 09 128

mallorca 09 129

Måtte bare dele desse bildene med dåke. Me kikka inn ein port som stod åpen, og såg denne kaktusen. Den var DIGER og hadde brukt eit tre til espalje. Kaktusen var 5-6 m brei på bakken, og minst like mange meter høg  langs heile treet. Heilt fantastisk å sjå, og litt skummel. Glad den ikkje datt ned når me var der.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits