Internasjonal champion, og eit cert frå IC........... så nå venter me på løpetid

I slutten av november reiste pusejentene mine og eg til Stockholm. Me fauk frå Bergen, og låg på hotell i den svenske hovedstaden. Målet med turen var at jentene skulle ta kvarsine to utenlandske cert på katteutstillinga til Birka.

Laurdag stilte Angeli vel forberedt, og fekk sitt cert. Sundag gjekk det like fint med henne. Difor mangler Angeli no bare eit cert på å vera Internasjonal Champion. Det certet kan ho ta her i Noreg.

Etter utstillinga har Angeli vore til dyrlege og tatt HCM-test(hjertescanning). Ho er frisk og fin. Så no får ho utstillingspause, og pause frå p-pillene. Den fina jento mi skal få møta ein friar så snart ho kjem i løpetid. Vonar ho får kattungar i byrjinga av mars, kjem an på kortid ho kjem i løp.



Angeli hjå dommaren




Angeli med fyrste CACIB-kokaden sin. I svenske fargar......

Fryd gjorde det enda betre enn Angeli på denne utstillinga. Ho vart vurdert til BIV (best i variant) både laurdag og sundag. Laurdagen fekk ho certet som gjorde henne til Internasjonal champion, men vart slått ut i BIVen. Sundagen fekk ho både BIV og cert. Med det har ho byrja samle til Grand Internasjonal Champion-tittel.



Fryd på dommarbordet



Fryd med Internasjonal Champion-kokaden sin


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits