Så var det på tide å blogge litt julegåver

I år var det litt forskjellig under juletrea til venner og familie.



Denne er vel det mest personlige eg laga. Det er til pappa, og jenta på bildet er mi farmor. Tøyet på sida er maritimt, med draft og symbol frå kystlivet. Far til pappa etta frå Fedje, og lenger til sjøss kjem du jo ikkje. Ikkje vestover i landet vårt i alle fall.





Pappa sine to brødre fekk også toalettvesker med bilete av mammo si. Perlene på onklane mine sine vesker, er slike som eg hadde då eg var jentunge. Kanskje eg tilogmed har fått perlene hjå ein av dei.....



Svigerfamilien min i Kristiansand fekk toalettvesker. Dei er make, men forskjellige.



Så laga eg nokre "smågåver" til son vår sine svigerforeldre, bror min si svigermor som alltid kjem til han når me er der, søster til venninna mi og til foreldra til kjæresten til ein av dei andre sønnene våre. Korger med telys og julefyrstikkesker.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits