Litt julebilder



Her er lysa me hadde på bordet i jula. Sinkfatet står på løper med skjulte nierblokker, som eg sydde til forge jul. I adventstida hadde eg lilla kuler og lilla engel på brettet, men same lysa.



Det er mange år sidan eg sydde meg julekalender. Eg henge opp eit hjarta for kvar dag. Dei siste åra har eg fått kalendergåve hjå mann min dagleg også. Alt frå trådsneller til nytt internminne til datamaskina mi. Eg synest eg er heldig!


Denne kalenderen har mammo mi laga. Den er sydd og så limt på papp. Eg hadde den då eg var jente, no deler sønnene mine den. Løparen er ny no til jul. Inspirert av Løper på ein kveld frå Quiltemagasinet. Den flotte amaryllisen hadde 9 klokker, og var heilt nydelig.



Make løper som forge bilde, men litt andre mål for å passe i veggseksjonen på kjøkkenet.



Julepynten i gangen, engler på grøn løper.



Ein av dei få veggbilda eg har sydd. Julefamiliebildet har vore ein UFO i mange år. Eg kjøpte ny maskin i 2004, og ser at eg har sydd på dette bildet med den gamle maskina! Men no er det ferdig, akkurat same året som den eldste "snøguten"/sonen vår flytta heimifrå! Men men slik e livet, seie dei.....



Til farsdag fekk pappen i huset nye kjøkengardiner, duk og puter til kjøkenstolene frå KID interiør. Alt raud og kvit rutete. Så no etter jul, fekk han forsinka ein juleengelpute også.




Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits