Grisefin, svinaktig lekker - K A T T E V E S K E

Eg har vore på husmorferie mo motters aleine til Trondheim. Vart frista av Siw sitt kursprogram på Quiltegården, kurset til Joanna Gomez. Joanna engasjerte frå fyrste stund. Og det såg ut som alle kursdeltagarane kosa seg. Både laurdag og sundag fekk me lunch med heimebaka brød. Kjempegod. Laurdagskvelden  var nokre av oss på Napoli og åt middag. Det var god mat i godt selskap

Sundag var kurset ferdig kl 15, og flyet mitt gjekk i nitida. Eg kosa meg med å spasera i Trondheim. Sola skein, og eg drakk cappocino på kafe To tårn ved Nidarosdomen. Mykje forskjellige folk å sjå på der, i alt frå shorts og seggebukser via fjellanorakker til bunader. Etterpå spaserte eg på Bakklandet. På Bakklandet var eg innom eit antivariat, og spurde etter boka om Lille Laila. Han hadde nett flytta, men skulle leite etter den til meg. Han visste han hadde hatt den ;-) Spennende. Las den då eg gjekk i barneskulen. Middag sundag åt eg same stad som laurdagskvelden, og kelneren kjende meg att. Koselig.

Eg hadde desverre ikkje med meg fotoapparat, men den eine nye quiltevenninna mi, Hanne-Kristine har bilder på sin blogg. Adressa dit er http://hanne-kristine.blogspot.com/. No har Hanne-Kristine lagt ut bilder av mange av veskene. Det er kjekt å sjå kor mange forskjellige produkt det er blitt, av same mønsteret.





Det skulle egentlig vera lomme frampå veska, men eg klarte å lage innerlomma på feil side. (dvs den stroppen over glidelåsane var feil veg) Bestemte meg for at veska var fin utan ytterlomme, så den spare eg til neste veske. Eg hadde så god tid at eg er komme langt på veske nr 2. (Må bare bare og bare få avgårde sjølvmeldinga får eg tillet meg å pakke fram symaskina att!)


3 kommentarer

Hanne-Kristine

15.04.2010 kl.22:19

Tusen takk for flott omtale Laila.... Og det var flott å høre at du koste deg i Trondheim etter at alt var over! Det gikk så altfor fort, men jeg håper vi møtes igjen om ikke på kurs så kanskje en katteutstilling? Tilbudet om overnatting står ved lag. Håper du og dine har det bra og vett du? katten e på vei, postan i dag... :oD

klem hk

Anne Lise

16.04.2010 kl.07:17

Flott veske Laila. Kattestoffet var tøft. Gleder meg til neste helg når jeg skal sy. Ha en fin helg.

Hanne-Kristine

18.04.2010 kl.15:04

Har noe til deg på bloggen min om en liten stund......

hk :oD

Skriv en ny kommentar

hits