Angeli er blitt mamma

Om morgonen 8. juni, vart eg vekkt av Angeli. Ho VILLE ha oppmerksomhet! Heile dagen gjekk ho etter meg og mjaua. Fekk fred frå henne ei stund om kvelden, for då fekk fo kjæresten til ene son vår til å stryke seg over magen. I ein time! Det var ikkje så lenge etter det, att fødselen starta.

Fyrst ut var Scott, ein stor sterk guttepus. Han liknar på bestefar sin, og er mørk tabby. Under magen er han lys stripete, og han har brukt rikelig med kvit sminke rundt augene.





Han var ikkje einebarn så lenge, før Scarlett kom. Ei feminin, men kraftig paddejenta, med flotte teikningar i ansiktet. Ho er veldig lik mamma og mormor si.



Etter midnatt kom sistemann, den kvite litlebroren Scani. Han var nydelig, og han hadde tilsvarande fødselsvekt som syskena då han kom. Men me oppdaga snart at han ikkje klart ta til seg mat. Eg henta morsmelkerstatning til han hjå dyrlegen, då han var ca 12 timar gamal. Det hjelp litt, men utpå ettermiddag synest eg det var så "ekkel" lyd i guten. Han sleit med å pust, var surklete i lungene og småhosta. Då pakka eg godt om  han og oppsøkte veterinærvakta. Scani var nesten eit døger gamal då han fekk antibiotika og febernedsettende. Etter det vart han piggare, og surklinga vart redusert. Likevel vendte han om, og fòr heim til vår Herre i ettermiddag. Scani rakk ikkje bli meir ein 1 1/2 døger gamal, men me kjem til å minnast han med glede.




Mammapusen heiter (N)CarilloCat Weird Angeli og pappen til Sc-kullet er (N)Djenghis Cat Alvas Bellman.



Én kommentar

Hanne-Kristine

14.06.2010 kl.13:09

Noe så nydelig som små nyfødte skal en lete lenge etter. Og småpusene dine var så absolutt nydelige. Og så fryktelig trist med den lille kvite. Av og til vil det seg bare ikke. Gratulere så mye med de små :oD

klem hk

Skriv en ny kommentar

hits