Broremann sitt teppe

14. oktober vart eldste bror min 40 år ung. Han feira med familien no på laurdag. Frå meg og min familie fekk han slumreteppet som de har fått sett glimt av for ei tid tilbake her på bloggen min. 

Tøya og mønsteret fall eg for i sumar, i Elverum. Og eg handla rikelig, trudde eg, med tøy med heim. Men måtte likevel ringe bort att og etterbestille hjå Quilteglede. http://www.quilteglede.no/index.do Eg fekk tøyet i posten dagen etter eg hadde ringt. Super service!



Det såg ut som broremann lika teppet også!

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits