Teppet til søs

Eg har laga teppe til søs. Det er ikkje etter eit mønster, men fleire + noko sjølvkomponert. Teppet er ei forsiktig skisse av søs. Og viser nokre av hennar interesser, og familien.

Hjerta er peparkakeforma mi. Eit stort hjerta til søs <3

Kattane er frå eit australsk teppe som heiter I love my cat. Mønsteret er laga av Lynette Anderson.



Poteavtrykka er frå I love my cat også.



Eg besøkte den eine biologiske søstera til søs, og ba om å få omrissteikningar av hendene til niesene til søs. Dei teikningane vart applikasjonar. Ei hand frå kvar av jentene.









 

Søs og eg har reist på fleire katteutstillingar i lag. Her er Nancy Eriksen sin Quilters koffertlapp sticha på teppe, i lag med eit kattebur med pus inni.





Søstre frå Life is a Celebration. Heile dette teppet gjekk som BOM i det australske magasinet Homespun i 2010.



Her har eg laga ei dør. Den symbolisere at søs kjøpte seg hus.





Fyrste gongen me reiste til Bremen, sat søs å samla marihøner rundt seg, Og tenkte på Mari.

Marihøne frå Homespun.

http://www.hypnor.no/


Hageinteressert søs

 



Gut frå A bøys story av Anni Downs Hatched og Patched.





Blokkene til høgre på teppet, er frå Happy Hour frå Atkinson Designs.

 












Eg brukte brunt tøy til å ramme inn alt med. Det synest eg bandt alt fint i lag. Eg er egentlig veldig fornøyd med dette teppet ;-)

2 kommentarer

jofrid

04.05.2011 kl.16:10

Teppet vart skikkelig flott. Du har all grunn tli å vera fornøgd med deg sjølv. Klem Jofrid

Siv

04.05.2011 kl.19:23

Du er kreativ, Laila, det var nydelig. Heldig ho som skal få det....:o))...

Skriv en ny kommentar

hits