Påskemirakel!!!!!! Fryd er komme heim i dag!!! Og ho er blitt storesøster!!!

Fryd forsvann for to månedar sidan. Ho kom seg på ein eller annan måte ut av garde hjå oppdretteren sin.

No er ho komme til rette. Ho kom i tunet hjå oppdretteren i formiddag, på påskemorgon.



 

Påskemorgon, slukker sorgen



 

No ligge Fryd vedsiden av meg i sofaen og mele. Me har gitt henne ormekur, flåttmiddel og p-piller. Pelsen hennes var tova, og dei har me jobba ein del med. Med både saks og kam.

Fryd har gått ned til 2,2kg. Ho har nok ikkje hatt tilgang på så mykje mat.

Angeli synest no so som so om at søsto er heime att, men det går seg nok til.



Det er nok tøffere for Angeli at ho er blitt storesøster også. Etter ein laaang "fødsel" - les 26 timerstur til oppdretter og heim att- kom Asenka til oss måndagen i påskeveka.

Asenka har fargekoden SIB ds 11 og er født 6. januar. Oppdretteren hennar heiter Ylva, og forverten Malin. Dei tok godt i mot meg, sjølv om eg kom til dei etter kl eitt om natta, og reiste med fly att kl 06.10 morgonen etter. Det formelle namnet hennas er S*Sibirs's Asenka.






Angeli følger spent med på kva "punchingballen" hennes gjere på. Ho veit godt at Asenka skal vere her, så ho "slår til" når me snur ryggen til. Me lar Asenka vere oppe til å begynne med, og så går det seg nok til.

2 kommentarer

jofrid

09.04.2012 kl.07:43

Kjekt å høyre at ho var komen til rette att. Hels onkel Egil. Klem Jofrid

Ylva

11.04.2012 kl.14:30

Så fantastiskt att hon kommit till rätta :-)

Hoppas verkligen att alla 3 kommer överens tillslut.

Kramar till er alla

Ylva

S*Sibir's

Skriv en ny kommentar

hits