Iv-kullet veks til
Angeli fekk fire levedyktige kattunger denne gangen. Ho traff (N)Kvitholens Gabriel tidligare i vår, og etter to forsøk vart ho drektig
Dette er fjerde kullet vårt som oppdrettere (N)Laino Kattefryd. Eg har kalla det Iv-kullet, alle namna byrjer med Iv. Som heddingen i bloggen min seier, er eg sjukepleiar. Og Iv er ein måte å gje medisin på, intravenøst - inn i blodårene. For meg er det å kunne ha katter rein medisin! Me er fleire allergikkere i huset, så gleda var stor då eg oppdaga Sibirkatten. Det er ein allergivenleg rase, som me er så heldige å tåle.
Her bruker Ivida storebror Iver som pute.
Ein av babiene, Tommeliten, vart født med åpen gane. Angeli har også hatt babier med åpen gane i dei andre kulla sine, så desse kattungene får ikkje gå videre i avl. Dei er nok bærere av samme svakheten som mora. Men betre kosekatter finn de ikkje!
Iver har funne vassglaset mitt på nattbordet.
Ivana søv i solstråla.
Kosepuser i senga mi. Det er Ivana som ligg på rygg.
Baren er åpen, kom å drikk..... Stolt og kry mamma (N)CarilloCat Weird Angeli.
Minstemann Ivan den søte.
Ivida
Ivana
Ein, to, tre, fira og mammo
Alt er gøy, spesielt sko
Pusane har funne ein god kvileplass i hagehytta.
Sove, sove, sove
Iver
Ivan
Else
19.09.2012 kl.13:11
Hilsen fra Else og Pusen